Sildolje og sildemjøl

Ved sildoliefabrikken. Ved å la ein kontrollert del av fangsten gå til sildemjøl og sildolje søkte ein å dempe prisfall som følgje av auka fangstkvantum. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.
Ved sildoliefabrikken. Ved å la ein kontrollert del av fangsten gå til sildemjøl og sildolje søkte ein å dempe prisfall som følgje av auka fangstkvantum. Foto: A. B. Wilse. Norges Fiskerimuseum.

Svaret låg i ein sterkt auka mottakskapasitet i sildoljeindustrien. Medan den før 1914 hadde hatt best tilgang på råstoff i Nord- Noreg, vart situasjonen omsnudd etter 1914. Talet på fabrikkar skaut i vêret alt under første verdskrig, frå 38 i 1914 til 79 i 1920. 40 av desse låg på Vestlandet og 27 i Nord-Noreg. Dei nordnorske fabrikkane var gjennomgåande langt meir effektive enn dei vestlandske. Først seint på 1920-talet gjekk vestlandsindustrien over til det amerikanske, heilkontinuerlige produksjonssystemet.

Kort før andre verdskrig var talet på fabrikkar minka til 62, men desse var no større og langt meir effektive. Den framveksande sildeoljeindustrien auka mottakskapasiteten, og ein stendig større del av fangstane hamna her. Medan denne industrien tidleg på 1920-talet berre tok imot smålåtne 6,5 %, hamna om lag 65 % av fangstane her sist på 1930-talet. Med 1950-åras svære fangstauke auka talet på fabrikkar til 80 i 1962, spreidd langs heile kysten frå Agder til Finnmark. Sjølv om fabrikkane tok ein veksande del av fangsten, løyste det ikkje lønnsemdsproblemet i næringa. Sildolje og sildemjøl gjekk til jordbruket som kraftfôr og til teknisk bruk i annan industri, og var ikkje på langt nær like godt betalt som sild til folkemat. Den ferske silda vart sjølvsagt best betalt
 
<= Førre side Neste side =>