Ganejenter og ganekvinner

Ganejenter i arbeid. Foto: A. B. Wiese. Norges Fiskerimuseum.
Ganejenter i arbeid. Foto: A. B. Wiese. Norges Fiskerimuseum.

Ganejentene sitt arbeid vart gjerne organisert slik at to eller tre arbeidde i lag og bytast på å gane og salte. Når ein gana eller kverka brukte ein kniv eller kverkesaks og skar bort ein større eller mindre del av gjeller eller innvolar, slik at blodet lettare kom ut, medan saltet tilflaut heile fisken.

Deretter la ein silda lagvis i tønna (flolegging). Fordi sildetønnene helst skulle innehalde sild av jamn storleik, måtte dei arbeide med fleire tønner samstundes. Det vart lagt to eller tre lag over tønneranda, og tønna vart då kalla ei oppsett tønne. Når tønna hadde stått nokre dagar og silda hadde krympa i saltet, vart tynna etterfylt, forlaka og attslegen av dikselmannen. Seinare vart det nytt ettersyn før eksporten til utlandet.
 
<= Førre side Neste side =>