Bakside

Ressursar til låns gir eit historisk tilbakeblikk på det rike fisket etter sild og andre pelagiske fiskeartar. Forteljinga skildrar skiftande ressurstilgang, organisering av fiskeria og betydinga for nærings- og samfunnsutviklinga. Heftet er ei av fleire forteljingar om ulike kysttema og kysthistorie som vil bli lansert fram mot grunnlovsjubileet i 2014.

Føremålet med samarbeidsprosjektet Fortellinger om kyst-Norge er å synleggjere det kulturhistoriske bakteppet for nasjonsbygginga. Sentrale tema er fiskeri- og havbruk, sjøfart, kystforvaltning og maritim infrastruktur, og andre kystnæringar. Prosjektet skal bidra til auka kunnskap, interesse og engasjement for kulturhistorie og kulturminne knytt til kysten.

Prosjektet er ein del av felles handlingsplan for kystkultur initiert av Fiskeri- og kystdepartementet, Miljøverndepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. Fiskeridirektoratet, Kystverket, Riksantikvaren og ABM-utvikling har overordna gjennomføringsansvar. Det er etablert samarbeid med dei tre nasjonale museumsnettverka langs kysten: Nettverk for fiskeri og kystkultur med Museum Vest som koordinator, Kystverkets etatsmuseum med Stiftelsen Lindesnes fyrmuseum som koordinator og nettverk for sjøfart med Norsk Sjøfartsmuseum som koordinator.
 
<= Førre side