Jordbruk og fiske veks frå kvarandre

Medan dei gode sildeåra hadde styrkt fiskarbondeøkonomien, førte bortfallet til at kombinasjonsdrifta byrja å slitne. Utviklinga i Hordaland kan fungere som eit døme på ei allmenn utvikling. Etter at vårsilda forsvann i 1870, skjedde det her ei merkbar omlegging av næringsverksemda, særleg i midtre strok. Fram til då var garddelinga driven lenger i havbygdene enn i midtre og indre strok. Alle dei viktigaste fiskerikommunane var såleis mellom dei kommunane med lågast skyld per bruk.

I historiske tilbakeblikk vert det ofte klaga over at oppdelinga hadde gått for langt, når ein såg kva som skjedde då silda heldt seg borte i mest ein generasjon. Medan fiskarbøndene nært havet satsa på anna fiske, vende folket i midtre og indre strok seg langt sterkare mot jorda enn før. I Hordaland var det generelt ei rask utvikling innan moderniseringa og profesjonaliseringa i jordbruket etter 1880, med utskiftingar, nydyrking og betre bruk av gjødsla som viktige ingrediensar. Samstundes vart det satsa meir på salsjordbruk og meieridrift – alt følgd av større interesse for utdanning innan dei ulike områda av landbruket.

Dampskipsruter mellom bygdene og ein sterkt veksande marknad for jordbruksvarer i storbyen Bergen og dei mange nye industristadene gjorde omstillinga lettare. Urbaniseringa og veksande inntekter gjorde marknaden for jordbruksvarer større. Kundane blei både fleire og meir kjøpedyktige. Jamvel hamna mykje av smøret til vestlandsbøndene i den mest kjøpesterke marknaden av alle – Storbritannia. Denne omstillinga bort frå havet kunne merkast då silda kom att med full tyngd etter 1900. Deltakinga var no avgrensa til langt færre kommunar enn før 1870, i Hordaland som andre stader. I Hordaland var det såleis i 1920 berre i dei åtte mest kystnære av dei i alt 55 kommunane at fiske var viktigaste næring, rekna etter sysselsettinga (meir enn 40 % av dei yrkesaktive).
 
<= Førre side Neste side =>