Stavanger og Christian Bjelland sin posisjon innan hermetikkindustrien var tema for spenningsromanen «Havets Øine» frå 1915 av Øvre Richter Frich, med helten Jonas Fjeld i hovudrolla. Handlinga er lagt til Stavanger rett før brislingsesongen tek til:
Fabrikkene var nyvasket, rene og stillferdige. Alt var beredt til å ta imot havets sikre og velkomne gjest. Alt var gjort rede til blikkdåsene som skulle motta havets rikdom og omsette den. Og ansjonsjentene gikk omkring med rødskurte armer og ventet på byttet.
Men brislingen kom ikkje, for nokre sjømil sørvest for Utsira låg eit gigantskip og lokka til seg fiskestimane ved hjelp av ein ny og særs utspekulert fangstmetode. Hjernen bak denne «veldige motorkoloss» var den eksentriske og geniale baron de Nozier og hans dekadente og slu handlangar, Jean Baptiste Courbier frå Bretagne (hovudsetet for den franske sardinproduksjonen). Først etter ein iherdig innsats frå helten Jonas Fjeld lukkast det å sikre brislingen for Stavanger og Noreg. Saman med Bjelland og Angus Watson, britisk storimportør av norske sardiner, vart Fjeld vitne til at den onde Courbier møtte sin lagnad i form av ei finkalibra kule, medan de Nozier enda sine dagar på botnen av sitt eiga enorme akvarium, bygd for vitskaplege studiar.
Det var ikkje tilfeldig at skurkane i denne romanen var fransktalande. Romanen var skriven i kjølvatnet av den såkalla Sardinkrigen mellom Noreg og Frankrike som var ein rettsleg tvist om retten til å bruke produktnamnet sardinar. Saka tok til då franske fabrikantar i 1912 gjekk til sak mot den norske sardinindustrien. I Noreg vart nemninga sardin brukt om brisling og småsild på boks, nedlagt i olje, tomatsaus eller annan saus. I Frankrike, men òg Spania og Portugal, vart namnet derimot berre nytta om arten sardinar, som inngår i sildefamilien, og dei franske produsentane kravde nemninga reservert for «ekte» sardinar.
Den same Watson som figurerer i Frichs roman, var den dominerande importøren av norske sardinar til Storbritannia og ein viktig støttespelar for det norske synet i denne årelange konflikten. Han hadde dessutan sjølv sterke ambisjonar om å kjøpe seg inn i norsk hermetikkindustri. Saka fekk merkbare konsekvensar for den norske hermetikkeksporten, både ved at det vart vanskar på viktige marknader, men òg ved at Watson brukte enorme summar på marknadsføring av norsk hermetikk.
Bilete: Her er våre fremste polarheltar, Amundsen og Nansen avbilda. Amundsen er omkransa av isfjell, medan Nansen står på nordpolen, på toppen av verda. Etikettar (forvanska til iddikettar eller iddisar på stavangersk) var eit populært samleobjekt for store og små i Stavanger.